top of page

FUGLAR


Fuglar er eit møte mellom 12 utøvarar; store, små og midtimellom. Dei har flokka seg for å saman finne ut kor mykje ein eigentleg treng å lære før ein kan flyge. Når er vengjene store nok, og flyg ein friast åleine, eller i lag med andre?

Den mangfaldige scenen: Alba, Anisha, Emine, Fromza, Hector, Hermine, Herman, Life, Melina og Vetle

Skodespelar og tekstkonsulent: Morten Espeland

Musikk: Sidiki Camara

Pedagog og regiassistent: Marius Nøkleberg

Koreografi og regi: Erlend Samnøen

Idè og regi: Anders Nordhammer

Tekstar utvikla av dei som er med, samt tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Helge Torvund og Anders Nordhammer.

Produsert av Den mangfaldige scenen ved Liv Hege Skagestad.

«Fosse sine tekstar har ei ganske stor djupn i seg, når barn framfører blir denne djupna ei annan - om ikkje større. Den filosofiske klangen blir fyldigare fordi borna seier teksten med stor enkelheit og fordi teksten ikkje er perfekt framført.

Mykje som born møter har stor kompleksitet og høgt tempo. I det Fosse skriv er både det som blir sagt og det som ligg bak interessant. Dei som formidlar og dei som lyttar og ser blir tekne med inn i nokre av dei største spørsmåla - om kven vi er og kor vi kjem frå, om kjærleik og konfliktar, om ønskje om å skape avstand, om ønske å nå kvarandre. Og dette er spørsmål som alle er opptekne av, også born», seiar Morten Espeland

«Den eine tidlegare produksjonen der born så å seia spelar hovudrolla i eit av stykka mine, den De Utvalgte gjorde av Svevn utan tvil høyrer med mellom dei beste produksjonar som har vore av mine stykke. Det var heilt forunderleg å sjå kor veleigna replikane mine var til å verta sagde av eit barn, med barnets røyst, barnets visdom. Kvifor det er slik, nei det kan eg ikkje seia. Det er kanskje litt slik at det sagde, så å seia talar frå fundamentet i språket, i røynsla, når det vert sagt av eit barn. Det essensielle står tydelegare fram som nettopp det. Ufortolka, reint, på ein måte.» seiar Jon Fosse.

siste nytt
ARKIV
bottom of page