top of page

Venteværelse

25.03.2017

Deichmanske bibliotek Majorstuen

Venteværelse er ei audiovisuell utstilling som tematiserer oppvekst med ein nær familiemedlem i fengsel. Prosjektleiar og initiativtakar er Camara Joof. Joof har sjølv vakse opp med ein far i fengsel, og initierte prosjektet med ønskje om å bidra til å avstigmatisere denne typen oppvekst. Seks deltakarar, tre frå Noreg og tre frå Danmark, alle i tjueåra og oppvaksne med ein nær familiemedlem i fengsel, har i samarbeid med Joof og seks kunstnarar laga kvart sitt verk som på forskjellige vis formidlar deira oppleving av fengselssystemet og korleis det er å sitje på utsida.

Verk av Caroline, Lisbeth, Mille, Lui, Ida og Albert.

Kunstnariske mentorar: Signe Høirup Wille-Jørgensen, Mariken Kramer, Morten Rejkjær Clausen, Gina Zacharias, Lasse Passage, Kai Johnsen og Allan Klie

Co-produsert av Københavns Musikteater (DK) og Den Mangfaldige Scenen (NO).

Utstilling skal på ny turne våren 2018

siste nytt
ARKIV
bottom of page