Pavlovs tispe

14.04.2016

 

Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som handlar om hendingar i Camara sitt eige liv, der ho har kome til kort eller gått for langt. Ei morosam og seriøs framsyning om konsekvensane av utanforskap. Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via Oslo ut i verda og tilbake igjen. Tekstane handlar mellom anna om kva for blikk vi ser kvarandre med, om språk og makt og om korleis verda formar identiteten vår. Korleis navigerer ei ung, farga, biseksuell norsk kvinne seg i dagens samfunn?

 

Joof skal denne i vår vise Pavlovs tispe mellom anna i Møre og Romsdal, Vestfold, Akershus, Buskerud, Aust-Agder og Öresund i Sverige. I tida framover skal Pavlovs tispe spelast for elevar i i 13 fylker, inkludert Oslo og ved Statsteatern i Stockholm.

 

Formanden for Projekstøtteudvalget for scenekunst i Danmark Ditte Maria Bjerg udtaler: 

 

"Projektstøtteudvalget for scenekunst i Danmark har som eet af sine fokusområder at fremme mangfoldighed. Udvalget har derfor besluttet at give en gave til dansk børneteater. Gaven er inspiration fra Norge, nemlig dels ungdoms forestillingen Pavlovs Tæve, der handler om hvordan vi ser hinanden, om sprog og magt, og om hvordan hverdagen former vores identitet. Og dels en efterfølgende talk med Camara Joof og Liv Hege Skagestad fra Den mangfaldiga scenen i Oslo på Aprilfestivalen på Frederiksberg. Udvalget er overbevist om at Den mangfaldiga scenens erfaringer og arbejdsmetoder i forhold til børn og unge med minoritetsbaggrund kan befrugte og inspirere dansk børneteater."

 

les omtale frå Showbox

 

les omtale Scenekunst.no

 

les intervju av Norsk publikumsutvikling

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

siste nytt

20.02.2020

Please reload

ARKIV
Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813