SOL - plateslepp med Sarah Camille & band

12.05.2017

 

Velkommen til plateslepp -  Sarah Camille & band med debutalbum ”Sol”.

 

Dørene opnar kl. 19.00.

Konserten startar kl. 19.30.

 

Vi avslutter kvelden med god musikk fra DJ og noe godt å drikke og tygge på.

 

Det er ikkje første gongen Sarah set føttene på ein scene. I snart sju år har ho formidla historiane sine gjennom poesi, musikk og forteljing. Ho har møtt store og små publikummarar frå store og små scener i Noreg og utlandet.  I 2011 vart ho noregsmeister i slampoesi. Etter det har ho mellom anna bidrege under grunnlovsjubileet på Stortinget, Alf Prøysen 100 år på Det Norske Teatret, Oslo World Music festival og tallause konsertar rundt om landet med Rikskonsertene. Internasjonalt har ho delteke på festivalar i Sverige og Danmark, på Cuba, i Frankrike og sist i Kina. Men første gong Sarah sat føtene i eit studio for å spele inn sitt første album, skulle det ta to år og to svangerskap før materialet var klart. No gledar Sarah seg til å presentere albumet ”Sol” i mai 2017.  Sarahs poesi er personleg, med eit blikk innover og utover mot verda. Ho bevegar seg i eit uttrykk som foreiner Spoken Word-poesi, forteljing og musikk. Musikken er ein fusjon med element frå jazz, urban, afro-karibisk og folk. Sarah har to morsmål; fransk og norsk, ordet ”sol” betyr to vidt forskjellige ting på kvart språk. På fransk betyr ”sol” bakke. Det same ordet samler altså både sola og bakken. I albumet vekslar Sarah mellom fleire språk, og poesien snakkar om fleire ting mellom sola og bakken.

 

Musikere: Sidiki Camara - Perkusjon, n´goni, Balafon Jørn Erik Ahlsen - Gitar, Lius Baruch - Perkusjon, Barry Adama - Fløyte, Alejandro Gispert - Bass, Mark Axiak - Gitar .  - Fri aldersgrense -.

 

Albumet er spelt inn på Urban Sound Studios med Mark Axiak som co-produsent på fleire av låtane. Alle låtane er komponerte av Sarah og musikarane som bidreg på albumet.

 

Albumet er støtta av Den Mangfaldige Scenen og Bergesenstiftelsen.

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

siste nytt
Please reload

ARKIV
Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813