Mozart på 123

12.11.2017

 

10.11.2017-12.11.2017

Nynorskens hus

 

​Helga 10.–12. november 2017 arrangerte Engegårdkvartetten og Nynorskens hus, gjennom 7 arrangement og 3 hovudkonsertar, eit møte med guten, mannen, musikaren og komponisten Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart blei undersøkt og formidla gjennom konsertar, tekstar, samtaler, scenekunst og dans. 

Over 30 profesjonelle utøvarar og over 120 barn og ungdom og amatørar stod på scenen og delta deira kjærleik til Mozart. Det musikalske programmet inkluderte nokre av Mozart sine mest elska verk for kammerensemble, song, klaver og kammerorkester. Under festivalen fekk publikum oppleve nokre av Mozarts meisterverk som sannsynlegvis aldri hadde vore framført i Noreg før (KV 123 og 205) og nokre som truleg aldri hadde vore spela i si heilheit i Oslo (KV 334).

​Festivalen hadde 3 urpremierar innan scenekunst med utøvarar frå Den mangfaldige scenen, i regi av Erlend Samnøen og Morten Espeland:

  • ei framføring av tekstar frå Leopold Mozart sin fiolinskule, i samarbeid med professor i musikk Morten Carlsen,

  • ei nyskriving av Fanitullen med Jeaninne Lukusa, Ida Christensen og Vegar Vårdal,

  • og eit preludium – ei iscenesetting med 9 barn og Oslo Camerata med utgangspunkt i søskena i Mozart sitt liv og ein sakte versjon av Adagio-opninga av strykekvartett i C-dur.

På 123 blei i 2017 gjennomført med stor eigeninnsats og frivillig arbeid, samarbeid med mellom anna Oslo Camerata, Nordberg Strykeorkester og Den mangfaldige scenen og med støtte frå Kulturådet, Oslo kommune, Bergesenstiftelsen, Aftenposten og Rådet for folkemusikk og folkedans. Festivalen fekk svært gode tilbakemeldingar.

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

siste nytt
Please reload

ARKIV
Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813